Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Auge operasjon

I operasjonsavdelinga gjer me operasjonar i auget både i narkose og lokal bedøving. Ved dagkirurgiske operasjonar går du heim etter utført inngrep, og ved større inngrep kan det vere aktuelt med overnatting i sengepost eller pasienthotell.  Klargjering til operasjon skjer i dagkirurgisk avdeling i 1. etasje eller dagpost i 3. etasje, meld deg i resepsjonen så vert du vist vidare til rett stad.

Me som arbeider her er opptekne av at du som pasient skal oppleva å vera i dei beste hender. Vi arbeider for høg fagleg kvalitet og pasienttryggleik i eit triveleg miljø.

Auge operasjon

I operasjonsaavdelinga i Augebygget 2.etg er det operasjonar i både lokal bedøving og narkose, for born og vaksne. Nokre pasientar er dagpasienter og nokre er inneliggjande i sengepost eller pasienthotell. Opersjonsinngrep i både fremre og bakre del av auget blir gjennomført her. Pasientane blir klargjort til operasjon i dagpost i 3.etg i Augebygget. Her får du skifta til reint sjukehustøy og får førebuande augedråpar og medisinar. 
Når du kjem vidare til operasjonsavdelinga vil ein operasjonssjukepleiar eller anestesisjukepleiar ta imot deg der. Foreldre kan følgje born heilt inn på operasjonsstova ved narkose. 
Etter operasjonen blir du på Augeavdelinga eit par timar, før du kan reise enten heim eller til sengepost eller pasienthotell. 
 
Nokre inngrep hos born, og øyeblikkelig hjelp for born og vaksne utanfor vanleg opningstid blir utført i Glasblokkene. Desse pasientane blir overvaka i Glasblokkene etter operasjonen. 
 
Du vil få informasjon av din behandlar om du skal møte i Augebygget eller Glasblokkene.
To kvinner står i en operasjonsstue
Auge operasjonsstove

Auge dagkirurgi

Alle operasjonar i dagkirurgisk eining skjer i lokal anestesi, og er berre for vaksne pasientar.
Pasientane her kan ete frukost før operasjon, og reiser heim etter gjennomførd operasjon.
Klargjering til operasjon skjer i 1. etasje.
 
I dagkirurgisk eining blir det operert grå stær (katarakt), ulike inngrep relatert til augelokk og tåreveger, og laserbehandling av hornhinna.
Leger på sykehusrom
Dagkirurgisk operasjon grå stær

Kontakt

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Sjå informasjonen i ditt innkallingsbrev. Oppmøtestad er enten i 1. etasje eller 3. etasje.